当前位置:首页 >> Blå Måne >> 歌曲列表 第1页
Blå Måne

Blå Måne

Ragnar Hovland om Atle Hansen (liner notes til cd -utgåva i 2005): Hansen gir seg aldri Hansen gir seg aldri. Hansen syng. Hansen spelar inn plate. Hansen er endeleg popstjerne. Ein skal minnast litt. Første gongen eg høyrde Hansen? Truleg på Bryggen Museum i Bergen der han song tekstar av svoger Rune Belsvik og eg tenkte at sjå der, her har vi endeleg ein visesongar som er utdanna ved Eric Burdons Akademi for Skikkeleg Song. Dette blei innleiinga på eit stormfullt samarbeid som i større og mindre grad har vart til denne dag, altså godt og vel ti år, og som omfattar både plateutgjeving og fleire kabaretar. Songar-gitaristen fekk dermed innpass i kresne og avantgardistiske litterære miljø som visste å setja tilbørleg pris på han, og forfattaren fekk reise rundt med ekte musikarar og både spele tangentar og synge. Mykje kunne seiast om Hansens og underteiknas liv og lagnad ute på dei norske vegane, der vi like ubesværa vann publikums hjarte ...

声明:本站不存储任何音频数据,站内歌曲来自搜索引擎,如有侵犯版权请及时联系我们,我们将在第一时间处理!